Drifta av garden foregår etter moderne metodar, men vi følgjer dei lange tradisjonane vidare. Hovedproduksjon på garden i dag er mandelpotet, og småfe.
Mandelpotet er hovedproduksjonen på garden. Sandjorda i distriktet er godt egna til formålet, samstundes som klimaet høver godt for produksjon av mandelpotet.
Målet er å produsere best mogleg kvalitet men minst mogleg bruk av plantevernmidlar og andre innsatsfaktorar. Poteta blir omsett gjennomBAMA som har særs strenge kvalitetskriteriar og -kontroll av både produkt og produksjon. Alt arbeid blir dokumentert i gardens kvalitetssikringssystem (KSL). Vi sel og poteter direkte til bygdafolk og andre som kjem innom garden.
Arbeid blir det mykje av, da mandelpoteta må føljast godt opp gjennom vekstsesongen. Vågå ligg i eit av dei turraste områda i landet og potetåkrane våre blir kvart år tilført mellom 80. - 100.000 m3 friskt fjellvatn gjennom vatningsanlegget.
Historia om garden strekkjer seg attende til da garden vart rydda på 1000-talet. Garden har vore bebudd sidan den tid. Så lang attende som vi har granska slekta på garden, er dagens brukar den trettande generasjonen i rett line.
Sve betyr areal som er rydda ved brann, svedjebrann. Garden er nemnt tidleg på 1500-talet, og er gjennom tidene skreve på mange ulike måtar, blant anna som Swee, Svee og Svei. Namnet blir uttala som det blir skreve nå, Sve.
Det har vore drive skysstasjon og seinare hotell på garden, og vi har gamle gjestebøker med mange interessante namn. Torbjørn Egner er nemnt, og Erik Werenskjold besøkte garden mykje. Werenskjold teikna mange av illustrasjonane til Norske folkeeventyr av Asbjørnsen og Moe her.
I tillegg til oss og foreldra våre, arbeider det ein person på garden.